Singing In The City 2013?

Mugge & Bugge

 

 

 

Det forvrengte sjølvbiletet er større enn intelligensen. Likevel har tvillingane Mugge og Bugge fått tusenvis av menneske til å grina av latter dei siste åra.

Mugge og Bugge er for mange nokre av dei beste humoristane Rogaland har i dag. Dei har ein humor som passer for folk frå heile landet. Musikalske godbitar og slagkraftige poeng kjem tett og herleg! Etter eit poengspekka show, krydra med vanvittige visuelle og musikalske innslag, set dei seg gjerne ned med gitaren og syng allsangar med publikum.

I april 2006 blei det eigen revy, for andre gang. Dei har også gitt ut eigen CD. Opptredenar har dei hatt på NRK-TV, TV-Haugaland og TV-Vest. I tillegg har dei gått mykje i spann med Torolf Nordbø og Han Innante. Mellom anna delteke i hans siste tre revyar. Den siste våren 2011.

Dei siste åra har dei underholdt og spelt for hundrevis av bedrifter, lag og organisasjonar. Dei stortrives også med å underholda i Nordsjøen. Blant anna har plattformane på Gullfaks, Statfjord og Valhall – felta hatt besøk av Mugge & Bugge. Ofte blir dei bedt om å komme tilbake etter eit besøk.

www.buggebugge.no

Del denne